Kommuneoverlegen testar no bredt etter at han slit med å finne smittekjelda til personen som fekk påvist covid 19 på måndag. Foreløpig er 15 personar i karantene etter å ha vore i kontakt med den smitta. Kommuneoverlegen oppfordrar no folk som har vore ute og reist om å teste seg.
I Surnadal er alt rundt 10 % av befolkninga testa, og på grunn av at mange no vil teste seg vurderast no å auke testekapasiteten, seier kommuneoverlege Bjørn Buan.
No er fellesferien ferdig, og det var vel venta ein viss auke i smittesituasjonen, men Surnadal har god oversikt over situasjonen, i følge ordførar Svinvik.
Det er no stor fokus på skulestarten i neste veke, og både lærarar og barnehagetilsette har friska oppatt kunnskapen om smittehandtering i skule og barnehage. På sjukeheimen er det og god kontroll, og det er ikkje påvist smitte verken ved sjukeheimen eller i heimetenesta i kommunen.