Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til gratis julefeiring på Hammerstuene

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. oktober 2025

Omsorgsgruppa i Surnadal Røde kors, i samarbeid med Hammerstuene og Martha Torvik, inviterer i år til gratis og rusfri lågterskeljulefeiring for absolutt alle, både einslege og familiar, på Hammerstuene onsdag 24. desember klokka 13:00 – 15:00.

Her blir det servert Ribbe, pinnekjøtt, riskrem, karamellpudding og kaffe. Det blir også sosialt samvær med julemusikk og allsong.

– Vi håper at mange har lyst til å vere med oss på julefeiringa, som altså er heilt gratis, og melder seg på, seier leiar i Omsorgsgruppa i Surnadal Røde kors, Elin B. Kvande.

– Vi trur dette blir veldig bra og ei triveleg julefeiring, legg ho til.

Omsorgsgruppa trur det er eit behov for ei slik feiring også i Surnadal, så dei har lyst til å prøve det, for å sjå om dette stemmer? Dei tok difor kontakt med Martha Torvik ved Hammerstuene for å høyre om dei kunne stille med lokale og lage julemat.

– Martha er alltid positiv, og tente på ideen med ein gong, seier Elin.

– Eg tykte dette var ein god ide og noko eg hadde lyst til å vere med å bidra til, fortel Martha.

– Vi skal lage tradisjonell julemat med dessert, pynte og sørge for at det blir skikkeleg god julestemning, lovar Martha

For å få oversikt over kor mange som har lyst til å vere med på å julefeiringa på Hammerstuene, ber Omsorgsgruppa om at dei som vil vere med på feiringa melder seg på til Elsa Kvande på telefon 909 40 755 eller Elin B. Kvande på telefon 980 21 255 innan 1. desember.

Sjølv om det er god tid til påmeldingsfristen går ut, så oppfordrar dei to damene alle som har lyst til å vere med, om å melde seg på så fort som mogleg!

– Så da blir vår klare oppfordring, at alle som har lyst til å vere med på ei lågterskeljulefeiring på Hammerstuene julekvelden, melder seg på!, avsluttar Margit Stenberg i Omsorgsgruppa i Surnadal Røde kors.

Julefeiringa er som tidlegare nemnt rusfri.

Publisert: 8. oktober 2025, 12:00