I morgon fyller Surnadal Velværesenter 5 år, og det feirar dei med open dag for alle som har lyst til å kome i form, sjølv om du ikkje er medlem. Da blir det høve til å prøve utstyret dei har, og til å ta del i gruppetimar. I tillegg blir det servert kaffe og kaker. Du kan lese meir om dette på heimesida til Surnadal Velværesenter.
Surnadal velværesenter helt til i Landbrukshuset, midt på Skei, og fredag kan du berre stikke innom og sjå kva dei har å by på. Sidan starten har det vore ei fin utvikling på medlemsmassen, og det kjem stadig nye medlemar til.