Tysdag 26. august frå klokka 13:00 inviterer Nordmøre Forsvarsforening og Nordmøre brigadeveteranforening sine medlemmer og andre forsvarsinteresserte til forsvarshistorisk sommartur til Surnadal.
I år er det åtti år sidan andre verdskrig var slutt, og litt over fem år med tysk okkupasjon var over. Dette vil også bli markert under sommarturen til Surnadal
Fredag formiddag var det invitert til pressetreff for å orientere om programmet for dagen. Øyvind Holte, Olav Jostein Holten og Lars Indreiten kunne fortelje at dagen startar klokka 13:00 i kammerset, altså kinosalen på Surnadal kulturhus.
I kinosalen vil Øyvind Holte vise bilete og fortelje historier knytta til desse. Her vil ein få sjå bilete frå tyske forsvarsverk frå andre verdskrig. Her vil ein også få høyre meir om to jagarflynaudlandingar, ei i Øyageilen og den andre på Indre Rød på Halsa. Det vil bli høve til å stille spørsmål under vegs i programmet.
Etter at Øyvind Holte er ferdig med å vise bilete og fortelje historier knytt til desse, vil Thon Hotel Surnadal servere kaffe med noko å bite i. Her betaler kvar enkelt for seg sjølv, opplyste dei tre karane.
Bilde: Tysk forsvarsanlegg på Røssmoen
Når programmet på kulturhuset er ferdig, vil programmet halde fram på den krigshistoriske minnesamlinga på Åsen. Her er det samla mykje krigsmateriell frå andre verdskrig, og Olav Jostein Holten vil fortelje litt om samlinga og svare på eventuelle spørsmål.
Arrangørane håper at mange finn programmet interessant og tek turen til kulturhuset og Åsen tysdag 26. august klokka 13:00.
Alle forsvarshistorisk interesserte er velkomne!, avsluttar dei tre karane.