Tysdag tok Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal turen til Svinvika og gjekk Svinvikrunden. – Før det var bygd veg over Svinvikkammane var Svinvika knutepunkt for vegsambandet til Todalena, fortel Lars Gudmund Røen i fjellgruppa.
– Vegen var ferdig i 1898. Ingebrigt Kvendset kjøpte buss i 1937 og starta da første bussruta i, «Kvendsetruta» – Første året køyrde han bussen etter vegen som var bygd som kjerreveg for hest, kan den historieinteresserte Lars Gudmund fortelje.
– I dei krappaste svingane måtte kan rygge fleire gonger for å smyge bussen gjennom. – Året etter, i 1938 var vegen langs fjorden ferdig. Ingebrikt vart seinare sjåfør på «Todalsbussen» til Surnadal Billag, fortsett han.
I 2001 vart Svinviktunnelen opna, og vegen langs fjorden vart privatisert.
– På turen gikk vi forbi dei opparbeide plassane som Statnett har opparbeidd i forbindelse med riving av den eine kraftlinja som kryssar fjorden og som skal erstattast med ei større linje, fortel Lars Gudmund. – Ved forankringsmastene er den eine plassen som skal brukast som vinsjeplass når kablane skal strekkjast over fjorden, fortel han til.
Den andre skal brukast som base for mellomlagring av materialer frå den gamle linja, og for den nye linja etter kvart som helikopter flyg dei frå og til. Frå neste vår blir det mange tunge lass ned og opp frå Snøyå når den gamle skal rivast og den nye skal opp.
Dette arbeidet skal etter plana ta seks månader. Etter tidslinja for arbeidet skal det nemleg settast spenning på lina etter dette.
– Etter rast og niste gikk vi ned til Snøyå, og fikk «testa» den nye brua som Statnett har bygd, og attende til Svinvika etter vegen langs fjorden, avsluttar Lars Gudmund.