Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Brukarutvalet for Surnadal sjukeheim

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 30. juni 2025
Surnadal kommunestyre gjorde i sitt møte 30. november 2017 vedtak om å opprette Brukarutval for Surnadal sjukeheim. Det tok litt tid før utvalet etablerte seg, men no har dei vore i fullt virke i fleire år. – Det er viktig for oss i Brukerutvalget at folk vet om oss, og bruker oss, seier leiar i utvalet, Mona Rita Rønning.
 
– Vi er et rådgivende organ som skal bidra til å styrke brukermedvirkningen og øke kvaliteten på tjenestene, legg ho til. 
 
Brukarutvalet skal gje råd og vere høyringsinstans i saker som gjeld kvalitet og innhald i tenestene for brukarar og tilsette som grupper, og ikkje som enkeltpersonar.
 
– Vi skal gi råd og være høringsinstans i saker som gjelder organisering, tjenestetilbud og utviklingsarbeid ved sykehjemmet, også ved brukerundersøkelser, seier Rønning
 
– Vi behandler og vedtar bruk av større gaver som sykehjemmet har fått, avsluttar ho. 
 
Brukarutvalet håper at brukarar, tilsette og pårørande tek kontakt med dei, dersom det er noko ein ønsker at utvalet skal bistå med for eventuelt auke kvaliteten på tenestene. Ein kan også ta kontakt med utvalet om det er andre ting ein ønsker at dei skal ta opp i Brukerutvalet.
Publisert: 30. juni 2025, 18:42