I den gamle hagen etter Anne og Halvor Svinvik ved Todalsfjorden er det eit mangfald av vekster å oppleve. Rododendron er signaturplanta for staden, og mange av desse står i blomstring no og ei stund utover i juni. Svinviks arboret ønskjer alle velkomen innom!
Opningstider i hagen
Hagen er alltid open, da ein kan betale billett med Vipps ved inngangen. Om ein kjem i kafeen si opningstid (sjå under) kan ein også kjøpe billett i kassen der.
Opningstider sommarkafe
I pinsehelga held kafeen open alle tre dagane (laurdag, søndag og måndag) klokka 11:00 – 16:00
Fram til skuleslutt (20 juni) er kafeen open laurdagar og søndagar klokka 11:00 – 16:00
Frå og med 25. juni – 3. aug ope onsdag – søndag klokka 11:00 – 16:00
Opne omvisingar
Er ein nysgjerrig, og vil vite meir om Svinviks arboret, minner arboretet om at dei har opne omvisingar. Neste sjanse her er onsdag 11. juni klokka 12:00
For meir informasjon sjå heimesidene arboretet sine heimesider nordmorsmusea.no/svinviks-arboret
Grupper
Svinviks arboret tilbyr eigne omvisingar for grupper. Ta kontakt med dei for avtale og prisar.
Kontaktinformasjon finn ein på heimesidene.
Ein kan halde seg oppdatert ved å følg arboretet på Facebook og Instagram!