Bårdshaugen barnehage har i mange år, den siste kvardagen før nasjonaldagen, trena på å gå i 17. maitog. Ruta dei går er frå Bårdshaugen barnehage, innom sjukeheimen, for å vise seg fram for bebuarane og dei tilsette der, før toget går til SpareBank 1 sine lokaler på Skei, før toget går attende til Bårdshaugen barnehage
Da vi var innom banken fredag føremiddag kom toget innom banken. Det var eit flott tog med rosarussen i front, flaggborg, musikk og hurrarop.
17. maitoget frå Bårdshaugen barnehage spreidde altså glede, både til kundar og tilsette i banken denne fredagen, og var eit fint avbrekk i kvardagen. Ein fin tradisjon!