Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nordvik Grendalag minner om dugnad på tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. april 2025
Styret i Nordvik Grendalag minner om dugnaden sin i Nordvik forsamlingshus og på Øygarden i morgon, tysdag 22. apirl klokka 18:00. Forsamlingshuset skal vaskast, og på Øygarden skal gjerdet ved fotballplassen reparerast. Ta derfor med høveleg utstyr, er oppfordringa frå grendalaget. 

Tysdag 29. april, klokka 18:00 er det dugnad på leieplassen i Sollia. Her skal grillen pussast opp, reparere hompedisse, rydde skog, fylle på grus, rake og snekkere kasse til leiker. Ta med høveleg utstyr som til dømes ryddesag, snekkerutstyr, graveutstyr eller rive. 

På båe dugnadane blir det servering av kaffe om det er vêret tillet dette! 
 
Publisert: 21. april 2025, 19:33