Fredag 18. april (langfredag) klokka 13:00 inviterer driftsstyret for skihytta til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på skihytta til Todalen Idrettslag. Vinnaren av «Kjerringdilten» får eit napp i vandrepokalen. I tillegg får dei tre beste kvar sin pokal til odel og eige.
Driftsstyret vil selje kaffe, bakels med graut, bakels med syltetøy og rømme, Kvikk lunsj og pølser med brød/lompe. Vêrmeldinga for langfredag på YR.no seier akkurat no at det skal bli overskya med nokre plussgrader, men her kan det nok vere lurt å sjekke vêrmeldinga når det nærmar seg langfredag.
Driftsstyret for skihytta ønsker alle velkommen på årets utgåve av «Kjerringdilten»!