I veke 8 er det vinterferie for alle skuleelevane i Surnadal kommune, og mange andre kommunar rundt om i Norge. Surnadal bibliotek har fått støtte frå Bufetar, og desse midlane blir bruka til gratis familiekonsert med Mandarinsaft på biblioteket og teiknekurs for barn og ungdom på frivilligsentralen i vinterferieveka.
Laurdag 15. februar klokka 13:00 inviterer Surnadal bibliotek altså til gratis familiekonsert med Mandarinsaft! Dei er eit prisvinnande og populært band, som spelar fantasirik og herleg barnemusikk. «Mandarinsaft er skikkelig godt om du er tørst på frisk barnemusikk», seier dei sjølv!
Fredag 21. februar frå klokka 11:00 – 15:00 blir det teiknekurs for barn og ungdom frå 10 år og oppover innan manga- og teikneseriesjangeren. Helen Kaldheim er kurshaldar. Ho har skreve og teikna den tøffe manga-serien Mørkalven. Teiknekurset er i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei. Kurset er gratis og deltakarane får gratis lunsj. På teiknekurset må biblioteket ha påmelding, da kurset har begrensa med deltakarplassar. Trykk her for påmelding
Laurdag 15. februar har også biblioteket har laurdagsope frå klokka 11: – 14:00.
Surnadal bibliotek ønsker alle barn, ungdommar ogfamiliar velkommen!