Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Både film og «gamle» revysongar på kulturhuset denne veka

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 20. januar 2025

Frå norsk storverk til stor entertainer framstilt som ape på Surnadal kino denne veka. Filmen «Kjærlighet» går både på dagtid  som filmklubbfilm klokka 12:00 og på kveldstid onsdag 22. januar. Filmen er den tredje i Dag Johan Haugeruds trilogi Sex  Drømmer Kjærlighet «om seksualitet, lengsel og drømmer på ulike måter i dagens Oslo». Dei tre filmane er berre tematisk sett i slekt med kvarandre, og har kvar si uavhengige historie og rollegalleri. Ein treng difor ikkje å ha sett dei to andre for å sjå denne.

KJÆRLIGHET

Regissøren sjølv fortel at trilogen «kretser rundt begjær, identitet og lengselen etter frihet». Adresseavisen rangerte «Kjærlighet» som den tredje beste filmen vist på kino i fjor og kalla den «et lavmælt norsk storverk».

Om du ser filmen på dagtid onsdag klokka 12:00, kan du etterpå få med deg gratisforestillinga «Gunnar på Mo klokka 14:15 i foajeen på kulturhuset, med norske revysongar frå 1930 – 1970-talet.

BLADE RUNNER

Laurdag 25. januar klokka 12:00 blir det ny filmklubbfilm, der det denne gongen er science-fiction-klassikaren Blade Runner som blir vist. Harrison Ford jaktar på replikantar (menneskeliknande robotar) gjennom eit visuelt strålande bylandskap, tonesett av den dvelande filmmusikken til Vangelis.

BETTER MAN

Meir musikk: “Berre å finne på det”, kunne ein sagt og smilande rista lett på hovudet av Better Man. Filmen er basert på den sanne historia om songar og entertainer Robbie Williams og er regissert av Michael Gracey («The Greatest Showman»). Så langt alt bra, for Gracey er god på musikalar og Williams sine opp- og nedturar er sikkert greit filmstoff. Men det er gjort ein vri; Williams er framstilt som (dataanimert) ape i filmen – og det skal visstnok fungere overraskande bra etter kva utanlandsk presse skriv (som The Guardian: «a bananas gamble that pays off»). Det er berre å følge med på dei norske filmkritikarane fram til premieren fredag kveld.

For å sjå heile kinoprogrammet på surnadal-kulturhus.no/filmer

 

Publisert: 20. januar 2025, 14:27