Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Interessant og triveleg medlemsmøte i pensjonistlaget

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 25. oktober 2024
Onsdag hadde Surnadal Pensjonistlag invitert medlemmane sine til medlemsmøte i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei, og responsen frå medlemmane var som vanleg god på invitasjonen. 
 

Lars Gudmund Røen hadde laga eit særs interessant kåseri om James Lawrence Chawort Muster. Foto: Anne-Sissel Ulven Mogstad

 
Lars Gudmund Røen hadde laga eit særs interessant kåseri om James Lawrence Chawort Musters. Han var son til John Patric og Mary Ann (kalla Polly) James Lawrence var yngst av totalt elleve søsken. Han var interessert i natur, og da spesielt smådyr og fuglar. 
 
Etter at foreldra døydde, overtok han eigarskapet til Vaulen. Under andre verdskrig var han med og starta kompani Linge og Shetlandsgjengen. Han røymde over til Shetland fordi han var etterlyst av tyskarane. 
 

 

Eldrid Mahle orienterte om helsekontaktane sine oppgåver. Foto: Anne-Sissel Ulven Mogstad

 
Elles orienterte Eldrid Mahle om helsekontaktane i Surnadal Pensjonistlag sine oppgåver, medan Anne-Sissel Ulven Mogstad orienterte om haustkonferansen i Kristiansund.  
 

Smørbrøda frå kjøkkenet på Surnadal sjukeheim fall i smak! Anne-Sissel Ulven Mogstad

 
Det var sjølvsagt servering og sosialt samvær, og denne gongen vart det servert nydelege smørbrød frå kjøkkenet på Surnadal sjukeheim. 
 

Trond Larsen sørga for tonefølge til allsongen. Foto: Anne-Sissel Ulven Mogstad

 
Det vart også tid til allsong og utlodning. Trond Larsen sørga for tonefølge til allsongen!
 

Sukkerbitar til kaffien er visst avleggs, men ikkje sjokolade! Foto: Anne-Sissel Ulven Mogstad

 
I rapporten vi har fått, så blir det rapportert at det ser ut til at sukkerbitar til kaffen visstnok er avleggs i pensjonistlaget, og erstatta av sjokolade! 
 

Praten gjekk livleg kring kaffeborda. Foto: Anne-Sissel Ulven Mogstad

 
Publisert: 25. oktober 2024, 18:00