Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til sopelimekurs

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 19. oktober 2024
Todalen historielag og Nordmørsmusea inviterer til soplimekurs onsdag 30. oktober klokka 18.00 på Åsen bygdemuseum.
 
Bli med og lag din eigen soplime av bjørkeris, med rettleiing frå kurshaldar Gudmund Kvendset. Sopelimen var eit mykje bruka og allsidig reiskap tidlegare, men som stort sett gikk ut av bruk etter  at nye kostar, bokstaveleg tala, kom på marknaden.
 
Til kurset treng du: 
  • Bjørkeris. Det er ein fordel om du har høve til å ta med bjerkeris sjølv, men vi kjem også til å ha med noko ekstra, om du treng å supplere undervegs
  • Kniv, evtentuelt hagesaks til å klippe ris med
  • Knipetang til streng
Arrangørane ordnar med streng til alle (men ta gjerne med om du har) og litt ekstra verkty om nokon treng å låne.
 
Kva det er lurt å tenke på når du skal samle bjørkeris: 
  • Ta unge skot av bjørk, som ikkje er så lette å knekke
  • Du treng 30-40 stk til ein sopelim, ikkje større enn fingertjukkelse, ca 1 meters lengde eller meir
  • Hugs at du treng litt ulik storleik, tynnare til kosten og tjukkare til skaftet
Kurset kostar 100 kroner og kan betalast med Vipps, kort eller kontantar ved oppmøte.
 
Det blir servert kaffe og noko å bite i.
 
Les meir på Todalen historielag si Facebookside
 
Arrangørane ønsker velkommen til soplimekurs!
 
Publisert: 19. oktober 2024, 09:37