Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Maruis Kvande er Norges beste 15-åring i golf

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 30. september 2024

På Surnadal Golfklubb sine heimesider kan vi lese at Marius Kvande (15) frå Kvanne er Norges beste 15-åring i golf. I halga var han i Stavanger og spelte finalen i Srixon Tour. Finalen vart spela med 3 x 18 hål og gjekk føre seg laurdag, søndag og måndag. Marius vann både finalerunden i Stavanger og Srixon Tour samanlagt.   

Marius spelte laurdag runden på par, og låg da 2 slag etter teten. Etter søndagens runde var avstanden redusert til eitt slag, og Marius låg da bakerst i en tetklynge på fire spelarar. Under måndagens runde var det Marius som hadde best kontroll på nervane, og han sikra seg sammenlagtsigeren med sin på runde på 2 over par. Totalt vart det 218 slag under finalerunden i Stavanger, og dermed 1 slag betre enn Joachim Ulmo fra Oppegård Golfklubb.

Resultatene frå klassen Gutter U15.

– Surnadal Golfklubb vil sende en stor gratulasjon til Marius og «støtteapparet» i familien.  Vi her hjemme er vi selvfølgelig stolt av å ha en slik spiller i klubben vår, skriv Surnadal Golfklubb på sine heimesider. Todalen.no sluttar seg til og gratulerer Marius med ein strålande sesong med gode prestasjonar!

Helt rå prestasjon av Marius Kvande! Norges beste 15-åring i 2024

Publisert: 30. september 2024, 19:44