Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange møtte opp på medlemsmøtet i pensjonistlaget

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 26. september 2024

Onsdag 25. september var det medlemsmøte i Surnadal Pensjonistlag, med godt oppmøte også denne gongen. Knappe femti medlemmer møtte opp i lokala til Surnadal Frivilligsentral på Skei for å vere med på medlemsmøtet. – Artig å arrangere når så mange møter opp, seier Anne-Sissel Ulven Mogstad, som er sekretær i pensjonistlaget. 

F.v. Arne Fiske i samtale med Kristian Ranes og Kristoffer Moen. Foto: Anne-Sissel Ulven Mogstad

Arne Fiske frå Remidt var invitert for å fortelje om sortering av søppel. Det var tydeleg at dette var eit interessant tema, for mange hadde aktuelle spørsmål som dei stilte til Fiske, og fekk svar på.

Blide damer tundt kaffebordet. Foto: Anne-Sissel Ulven Mogstad

Fiske kunne mellom anna fortelje at det er 17 kommunar som eig Remidt, og at remidt står for renovasjonshandteringa i desse kommunane. Han kunne også fortelje at bebuarane i Surnadal kommune ligg på topp når det gjeld sortering! 

Lars Gudmund Røen; «adm.dir.» for innkjøp av gevinstar, loddsal og digital trekking. Foto: Anne-Sissel Ulven Mogstad

Allsong er det alltid når det er medlemsmøte Surnadal Pensjonistlag, og onsdagens medlemsmøte var ikkje noko unntak i så måte. 

Flaska blir sett på som spesialavfall grunna innhaldet. Dei to posane (med innhald) i Toro-pakken skal kastast i restavfallet. Eska skal i dunken for papir og papp. Foto: Anne-Sissel Ulven Mogstad

Elles var det utlodning, servering med ein god prat rundt kaffebordet. 

Publisert: 26. september 2024, 20:05