Fredag 27. september mellom klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til nytt bakeriutsal. Hausten er her, og vêret innbyr ikkje alltid til uteaktivitetar, så da kan det vere godt å slappe av inne med noko godt til kaffen!
På fredag får ein kjøpt:
* Ferske skuleboller med heimelaga vaniljekrem
* Ferske kanelsnurrar
* Ferske grovbrød
* Ferske sveler
* Ferske cookies
* Nystekte havrekjeks
* Nystekte knekkebrød
* Frosne donuts (2 pk.) med melis eller sjokkolade
* Frosne suksessterter
* Frosne fyrstekaker
* Frosne tjukklefser
* Frosne konfektkaker
Førehandsbestilling på telefon: 415 71 278 innan onsdag 25. september klokka 18:00.
Lia gard tek også imot bestillingar frå bedrifter.