I lengre tid har bekken innafor Tæljestorhaugen prøvd å ta seg ny veg, og vatnet har renne under myra og ned på turistlina. Dette har den siste tida eskalert. Odd Harald Talgø og Kjell Gunnar Polden har planlagt kva som måtte gjerast ei stund, og siste veka har det pågått arbeid for få bekken på rett veg att. Fredag vart dette arbeidet foreløpig avslutta, og nedanfor kan du lese kva Kjell Gunnar skreiv om arbeidet som har vore gjort den siste tida.
Bekken innafor Tæljestorhaugen har i lengre tid begynt å ta nytt løp, og vatnet har rendt under myra og ned på turistlinja. Dette har eskalert i den seinare tida.
Kanalen vart handgravd i si tid, men hadde no stort behov for restaurering. Hadde heile myra rendt ut kunne det blitt ille. No har kanalen vorte renska opp, retta ut og plastra med stein og torv. Store steiner vart fjerna frå løpet og myra som har sige ned måtte takast vekk.
Bekken renn forbi hytta Reiret og ned til Tæljan og Vestrum. Tungt arbeid med handmakt. Odd Harald Talgø har vore primus motor og arkitekt. Fredag fekk han hjelp av karer med tungt marktrykk, Aleksander Talgø og Ola Trygve Polden.
Det har gått med mange timar på jobben over fleire dagar. Rossen oppi Tæljå har bruka mykje tid saman med Odd Harald. Fredag kveld fekk vi endeleg tetta lekkasjene til glede både for dei som går til fots etter turistlinja og dei som vil ha bekk der den skal gå. No kan ein faktisk gå tørrskodd forbi området.