Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

12684 besøkande på kulturhuset, men kor mange gjorde kva?

Elinor Bolme Laurdag 25. mars 2017

Det har vore spesielt mykje som har foregått på kulturhuset i dei siste fire vekene. Men det er berre halve sanninga; det er «alltid» mange innom Surnadal kulturhus. Totalt er det stipulert eit besøk på 12684 i den siste månaden på kulturhuset. Da må ein ha i mente at bruken av Storstua har vore svært langt over det vanlege, mens nokre andre tilbod kanskje har vore litt mindre nytta enn til vanleg.

«Give Me 5» med Gøran Bolme og 5. klassingane i kommunen ga fullsett sal sist veke.

Under er oversikta på kven besøkte kva dei siste 30 dagane:

  • 1630 stk har besøkt Surnadal folkebibliotek i løpet av den siste månaden (siste 30 dagar). Talet er kome fram ved å telje alle som var der i ei normalveke og gange opp dette.
  • 285 personar har besøkt kulturskulen i løpet av ei veke (stipulert), og da er både elevar, tilsette og foreldre som ventar tatt med. Reknar ein også inn andre som har sin arbeidsplass på huset (medrekna hotellet), utgjer alt dette 3160 dagsbesøk.
  • 3621 solgte billettar på ein månad.
  • 1264  av desse er på kinoforestillingar.
  • 1500 dagsbesøk på kulturhuset i forbindelse med alle øvingane til alle arrangementa.
  • 4000 besøk i forbindelse med funksjonen «varmestue» og «venterom». Kulturhuset er ein uformell møtestad der kanskje spesielt ungdommar og delvis innvandrarar møter kvarandre på ettermiddag og kveldstid, utan å delta på andre aktivitetar på huset. 
  • 85 toalettbesøk av «ventarar» og andre forbipasserande.
  • 500 besøkande i forbindelse med utleige av biblioteket og hotellet sine møterom.

Statistikken baserer seg på besøk på kulturhuset i perioden 18. februar-19. mars.

Alle foto: Steinar Hasselø

 

Først publisert: 25. mars 2017, 06:07 - Sist oppdatert: 24. mars 2017, 21:07