Onsdag 25. september klokka 15:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til medlemsmøte i lokala til Surnadal Frivilligsentral på Skei.
Arne Fiske frå Remidt kjem og orienterer om korleis ein skal sortere avfall og søppel. Han ønsker spørsmål og innspel frå oss, så tenk gjennom om det er noko de vil vite meir om!
Det blir som vanleg litt sang, mat, kaffe og loddsal. Men viktigast av alt, sosialt samvær!
Surnadal Pensjonistlag ønsker vel møtt til medlemsmøte!