Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flott «Fiskesommer» på Nordvik torsdag kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 9. august 2024

Torsdag kveld inviterte Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) til «Fiskesommer» i Slettneset på Nordvik. Arrangørane, med Ola Røe i spissen hadde laga eit flott arrangement med høg trivselsfaktor og litt konkurranse.

«Fiskesommer» er eit arrangement i regi av Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF), og blir arrangert over heile landet. «Fiskesommer» har vore arrangert i meir enn tjue år.

Konkurransens lengste fisk var Noah Guttormsen sin 84 centimeter lange fisk. Foto: B G Ansnes

På SJFF sitt Fiskesommer»-arrangement var det premiering av lengste fisk, kortaste fisk og flest fiskar. SJFF hadde fått ordna med åtte båtar som dei nitten unge deltakarane vart fordelte på. Etter litt i underkant av to timar ute på fjorden kom båtane inn att til moloen i Slettneset, der det var stor spenning knytta til både fangst og størrelsen på denne.

Medan dommarane gjorde seg ferdige med måling og registrering av fiskane, kunne fiskarane, og alle andre, kose seg med nygrilla pølser med brød, hamburgarar med brød, eplekake og kaffe.

Etter måling og registrering av alle data vart fangsten filetert og vakuumpakka, før fiskaren fekk fangsten sin med seg heim.

Her vakuumpakkar Per Egil Nyheim fangsten til Anders B. Dalsegg. Foto: B G Ansnes

Før premieutdelinga fekk alle dei unge deltakarane utdelt forskjellege effektar frå NJFF og SJFF. Det var også trekning i gratislotteriet. Her vart Kaja Pedersen den heldige vinnaren av ei fiskestong med krokar.

Til slutt var det altså tid for å avsløre vinnarane av fiskekonkurransen. Her viste resultatlista at Leon Haga, vann kategorien kortaste fisk, med ein fisk på 27 centimeter. Premien var ei fiskarveske, sikeskrin og ein refleksvest.

Marit Sæther vann kategorien flest fiskar, og vart premiert med fiskarviske, fiskeskrin og mateske.

Noah Guttormsen med vinnarfisken på 84 centimeter. Foto: B G Ansnes

Kategorien lengste fisk vart vunnen av Noah Guttormsen med ein fisk på 84 centimeter. Premien her var ei fiskarveske, fiskeskrin og thermoflaske.

Leiar i SJFF, Turid S. Eggen, var godt nøgd med deltakinga, gjennomføringa og ikkje minst vêret under årets «Fiskesommer». 

Publisert: 9. august 2024, 11:00