Onsdag 19. juni hadde Surnadal Pensjonistlag siste medlemsmøte før sommarferien i kantina på Surnadal sjukeheim. Det har vore tradisjon dei siste åra at elevar frå kulturskulen kjem og underheld på junimøtet, og i år var ikkje noko unntak!
Og ifølge rapportane så innfridde dei til gangs! Emilie, Ane Othelie, Sofia, Eiri og Hedda spela og song for dei frammøtte, og dei fekk ei herleg stund!
Pensjonistlaget rettar stor takk til jentene og dei to medhjelparane for underhaldningsinnslaga!
Elles vart det allsong, servering og utlodding, før dei avslutta med å ønskte kvarandre god sommar!
Neste møte i Surnadal Pensjonistlag blir i slutten av august. Da ønsker dei igjen velkommen til gamle og nye medlemmar!
Anne-Sissel U. Mogstad