Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stangvik Historielag inviterer til tur til Nessadalen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 17. juni 2024

Laurdag 22. juni klokka 10:30 inviterer Stangvik Historielag til tur til setrene i Nessadalen utanfor Flessen, oppmøte ved bommen til Båtvikvegen. Svein Aarnes blir med som vegvisar og vil fortelja om seterdrifta og gamal busetnad i området.

Dette blir ein overkommeleg tur for dei aller fleste, men ta på gode sko (fjellesko – kan vera nokre våte parti) og gode utapåklede, som kan tåle ein regneling. Men blir vêret heilt «ravgælle», blir turen utsett, heiter det i invitasjonen frå historielaget. 

Ta og med niste, da det blir minst ein kaffepause!

Stangvik Historielag ønsker vel møtt!, og  håper vêret blir brukbart og at mange vil bli med på vandring til «heimsetrene» utpå Flessastranda

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 17. juni 2024, 10:30