I forgårs, altså på torsdag, hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag invitert til stavgangtur til Haltbakken. Det vart parkert på Nordvik, og gått derifrå og utover til Haltbakken.
– Det vart ein fin sumardag, konstaterer Svein Tjelle i Stavganggruppa.
– Vi var redd det skulle bli for varmt, men det vart ein fin tur til Haltbakken i passe temperatur. legg han til.
Matrasten og sosialt samvær tok dei i gapahuken nede i fjøra.
Fleire bilete frå stavgangturen torsdag ser du nedanfor: