Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sjømaten gikk unna

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. mai 2024

Onsdag føremiddag var AR Sjømat på plass utafor Matkroken Todalen.  AR Sjømat kjem frå Averøy, der dei har eigen butikk og produksjonsanlegg for alle typar fiskmat. Frå butikken kjører dei også rundt på Nordmøre for å selgefiskeprodukt frå sine kjølebilar. Her i Todalen er det stopp framfor Matkroken kvar 3. tysdag, og da har dei mykje godt å by på, fortel Ole Jonny Nekstad som er ein av salgssjåførane på AR Sjømat

Todalet er dei 4 tilsette i firmaet som altså har base på Averøya.  I tillegg til eigenprodusert fiskmat har dei også sal av kjøttpølser og fleire variantar av røyka aure og laks, der dei har eit salssamarbeid med Frøysagarden i Sykkulven på Sunnmøre.  Meir info finn du på facebooksida til AR Sjømat.

På plakatbukken byr AR Sjømat fram sitt utval i fisk og fiskmat. Foto Jon Olav Ørsal

Store fine reker som kjem direkte frå Grønland til Averøya. Foto Jon Olav Ørsal

AR Sjømat er medlem i Todalen.no

Først publisert: 8. mai 2024, 12:37 - Sist oppdatert: 9. mai 2024, 19:43