Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lyst til å lære å spele golf?

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 30. april 2024

Har du, eller nokon du kjenner, lyst til å lære å spele golf? Eller få ein liten «smak» av golfsporten? Da har du sjansen helga 10. – 12. mai, for da inviterer Surnadal Golfklubb til VTG-kurs («Veien Til Golf») på golfbanen på Mo.  

VTG-kurset er eit kurs for nybegynnarar og blir altså arrangert: 

  • Fredag 10. mai klokka 17:00 – 20:00
  • Laurdag 11. mai klokka 10:00 – 15:00
  • Søndag 12. mai klokka 10:00 – 15:00

Instruktørar for kurset er Tove Hilstad Garte, Geir Garte og Arne Wibe. Golfutstyr får du låne av Surnadal Golfklubb.  Ta på godt med klær, som er egna til å vere utendørs og aktiv heile dagen 

VTG-kurset kostar:

  • Vaksne kroner 1.750
  • Barn/ungdom opp till 19 år kroner 500   

Alle som gjennomfører kurset får både fri medlemskontingent i 2024, og ikkje minst fri spelerett på golfbanen på Mo heile 2024-sesongen.

Påmelding til Tove Hilstad Garte på epost tovehilstadgarte@gmail.com eller på mobil 482 34 581.

Les invitasjonen til «Veien Til Golf»

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 30. april 2024, 07:00