Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strikkekaffe – godt oppmøte og triveleg

Dordi Jorunn Halle Laurdag 6. april 2024

Første laurdagen i april inviterte Todalen sanitetsforening til Fredrikkekaffe. Sjølv om sola skein og det var godver, var det heile atten kvinner samla rundt borda i Sanitetshuset.

Vertinnene: Åse Johanne og Eli Marie. Dei hadde også pynta fint med roser. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Vertinner denne dagen var Åse Ville Redalen og Eli Marie Bruset. Dei var overraska over at så mange kom i finveret. Det gode oppmøtet fortel at strikkekaffe er eit viktig trivselstilbod. Denne dagen kom også Grete og Jenny frå Surnadal, to godt vaksne damer som synest det er kjekt med todalstur og å treffe kjenningar. Og dei to er over 190 år til saman!

Åse og Eli serverte solskinskake og svelar med heimelaga syltety – kjøle godt!

Neste Fredrikkekaffe er 27. april, og da blir det utlodding.

Fleire bilete frå ettermiddagen i Sanitetshuset:

Ved kakebordet: Ingeborg, Eli Marie og Kari Margaret. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Her er Matte, Grete, Synnøve og Randi. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Her er Jorunn, Arndis og Ester Karin. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Godt oppmøte og hyggeleg prat. Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

Publisert: 6. april 2024, 21:23