I kveld var det møte mellom arbeidsutvalet, supplert med bygg- og anleggsleiar i Todalen Idrettslag og styret i Todalen Elveeigarlag, for å drøfte ny leigeavtale for drift av campingplassen ved Bordholmen stadion. Bakgrunnen for møtet var at leigeavtalen som elveeigarlaget har hatt med idrettslaget gjekk ut i oktober i fjor, og at elveeigarlaget hadde teke kontakt med idrettslaget for å få ei eittårig forlenging av denne, slik at det kunne bli campingdrift ved Bordholmen også komande sesong.
Arbeidsutvalet i idrettslaget og styret i elveeigarlaget kom raskt til semje om ein ny eittårig avtale for campingdrift for 2024, med ein heilt klar intensjon, frå båe partar, om at dette er siste året med campingdrift på Bordholmen.
– Idrettslaget var særs konstruktive og løysningsorienterte og hadde forståing for situasjonen for elveeigarlaget, seier styreleiar i Todalen Elveeigarlag, Stig Husby etter møtet.
– Vi har full forståing for at idrettslaget ikkje ønsker å ha campidrift i tilknyting til idrettsanlegget sitt, med dei utfordringane dette har for idrettslaget sine eigne aktivitetar på anlegget, legg han til.
Elveeigarlaget, vil no, saman med andre, arbeide med å finne ein ny stad for å få etablert ein ny campingplass i bygda. – Så er det nokon som har forslag til plass, eller ønsker å stille areal til disposisjon, så er det berre å ta kontakt, avsluttar han.
Avtalen inneber at elveeigarlaget leiger lokale for straumuttak, dusj og toalett av idrettslaget, men at det er elveeigarlaget som driftar campingplassen, slik som dei har gjort dei siste åra.