I går kveld hadde Todalen bøgdalag invitert til «skottårs-quiz», med Endre Talgø som quiz-master. Han hadde laga ein variert quiz, med både lokale og litt meir internasjonale spørsmål. Sia det var den internasjonale kvinnedagen i går, så hadde han også med fem spørsmål knytta til den.
Det var fire lag som deltok i «skottårs-quizen», med tilsaman tjueein deltakarar. Det var tretti spørsmål, med varierande tema og vanskelegheitsgrad. Da alle spørsmåle var unnagjort, viste resultatlista at det vær særs jamt. Førstepremien, som var eit gåvekort på Matkroken Todalen på femhundre kroner, gjekk til laget med Edvard, Kolbjørn, Ingrid, Ola, Andreas og Åsmund. På delt andreplass kom Bekkerhagens venner og Tottos, medan Øyagrenda tok fjerdeplassen.
Bøgdalaget selde snacks og god drikke, og det såg ut til at alle kosa seg og hadde ein fin quizkveld i ungdomshuset.