Surnadal Golfklubb har i mange år arrangert turneringa «Et slag mot kreft», til inntekt for kreftsaka. Dette har tydeligvis vorte lagt merke til i Kreftforeningen, for no er det nemleg deltakarane frå Surnadal Golfklubb si turnering på Surnadal golfpark på Mo i 2023 som prydar heimesida etslagmotkreft.no.
Vi reknar med at dette gjev Surnadal Golfklubb inspirasjon til å arrangere «Et slag mot kreft» også i åra framover, da det er heilt tydeleg at Kreftforeningen sett stor pris på bidraget frå Surnadal Golfklubb og dei andre golfklubbane som arrangerer desse arrangementa.