Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
12. og 13. januar blir det NM i Todalen

12. og 13. januar blir det NM i Todalen

Jon Olav Ørsal Fredag 9. november 2012

Det er no klart at det blir norgesmeisterkap i randonee på Kårvatn i Todalen i januar, der Todalen idrettslag står som arrangør. Laurdag 12. januar går den individuelle konkurransen av stabelen, og søndag 13. januar er det duka for lagkonkurranse. Det skal skje i Dalalia på Kårvatn, med NM-arena på Bekkøya. Det er dei fine forholda oppover lia mot Tydalsnebba som lokkar løparane til Todalen.

Det er no fjerde året på rad at Todalen idrettslag er arrangør av slike renn, og laget har etter kvart utvikla ein profesjonell kompetanse som arrangør, samtidig som dei kan lokke med sikre og gode forhold for løparane i Dalalia. I år er laget tildelt det første offisielle norgesmeisterskapet som er arrangert, etter at skialpinistane no er komne inn under «paraplyen» til Norges skiforbund. NM-arrangementet sikrar at dei store kanonane kjem til Todalen og Kårvatn for å delta for å delta i rennet. At rennet også er uttaksrenn for VM, som går i Frankrike i februar, gjer det nok ikkje mindre attraktivt å delta.

I fjor var det Ola Hovdenak som vart det stekaste kortet i den individuelle konkurransen, men i år er det også yngre krefter som Lars Skjervheim og fleire til som puster han i nakken. Så det er duka for spennande dagar på Kårvatn i starten på nyåret. Her finn du ein filmsnutt frå fjorårets arrangement på Kårvatn.

 Hovudkomiteen for arrangementet består av Nils Ove Bruset, Kristen Bruset, Jostein Bruset, Gudmund Kårvatn og Ivar Bolme. Dei er forlengst komne i gang med planlegginga. I år vil dei satse på å få meir lokal deltaking, og vil derfor lage ein trimklasse, der alle kan bli med og prøve seg på randonee. Gudmund Kårvatn seier at det er mange som etter kvart har skaffa seg høveleg utstyr, og det må være artig å prøve å måle kreftene litt mot dei store kanonane. Han håper at det samtidig  kan være med og stimulere fleire til å finne fram skiene og starte skisesongen.

På Todalen.no vil vi kome med meir info om rennet etter kvart som arrangøren arbeider seg framover. Som i fjor vil vi lage ei eiga side med NM-stoff og informasjon, der både deltakarar og andre interesserte kan finne informasjon om randonee-satsinga til Todalen idrettslag. Her finn du link til randonee-sida  på heimesida til Norges Skiforbund og kan lese mer om sporten.

Først publisert: 9. november 2012, 00:00 - Sist oppdatert: 8. november 2012, 23:14