Mange husstandar i Todalen har dei siste dagane fått brev frå Surnadal kommune vedrørande nye vegnamn. No har redaksjonen også fått tilsett ei komplett liste over dei. I følge oppsettet er det no berre Lauvåskogen, Dalavegen, Sissigrenda og nokre hytter som manglar adresse i Todalen, etter den 22. oktober.
Redaksjonen har gjort forsøk på å finne litt meir informasjon på heimesida til Surnadal kommune utan hell i denne saka, men vi har i morgontimane fått tilsendt alle kart frå Sølvi Irene Fuglås i Surnadal kommune som tilhører dei ulike vegane.
Nye namn som no trer i kraft frå 22.10 er:
Pilskarvegen Oversikt Pilskarvegen
Markavegen Oversikskart Markavegen
Ørsalvegen Oversikskart Ørsalvegen
Ansnesvegen Oversiktskart Ansnesvegen
Bordholmvegen Oversikt Bordholmvegen
Halanesvegen Halanesvegen
Hallsetvegen Oversikskart Hallsetvegen
Melavegen Oversiktskart Melavegen
Ramsøyvegen Oversiktskart Ramsøyvegen
Todalsøra Oversiktskart Todalsøra
Trøavegen Ovesiktskart Trøavegen
Bekkerhagan Oversitskart Bekkerhagan
Todalsvegen frå krysset på Haugen og opp til Bruset er som kjent gammalt nytt.