Frå kulturavdelinga i Surnadal kommune, har vi fått informasjon om at det no er mogleg for lag og organisasjonar, private aktørar og offentlege instansar å søke om tilskott til aktivitetar som er retta mot barn og unge, som av ulike grunnar står i fare for å hamne utanfor.
Målet med ordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal oppleve meistring og samfunnsdeltaking. Tilskottsordninga skal bidra til utviklinga av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.
Les meir om kva ein kan søke tilskott til på https://www.bufdir.no/tilskudd/inkludering-av-barn-og-unge/.
For å søke om tilsgått går ein inn på https://www.bufdir.no/tilskudd/inkludering-av-barn-og-unge/.
Søknadsfristen er fredag 3. november.