Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stangvik Historielag inviterer til omvising i Ulvund kraftstasjon

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 15. oktober 2023

Stangvik Historielag inviterer til omvising i Ulvund kraftstasjon i Ålvundfjorden onsdag 18. oktober klokka18:00. I tillegg til omvising blir det litt om historia til kraftverket, som i si tid vart bygd av Kristiansund Elektrisitetsverk, og stod ferdig til drift i 1939.

Årsproduksjonen ved opninga i 1939, var på 28 GWh.

I perioden 1984 – 1988 vart det bygd eit nytt kraftverk i fjellet bak det gamle, og årsproduksjonen vart da auka til 65 GWh. Frå 1991 er det Nordmøre Energiverk AS (NEAS) som har vore eigar av kraftverket.

Ferje frå Kvanne klokka 17:30.

Stangvik Historielag ønsker alle velkomne!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 15. oktober 2023, 18:56