Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Plan for idrett og fysisk aktivitet» ute på høyring

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 12. oktober 2023
Surnadal kommune lhar lagt ut «Plan for idrett og fysisk aktivitet 2023 – 2026» til høyring. Høyringsfristen er sett til 3. november. Planen vil etter plana bli behandla i kommunestyret 23. november.
«Plan for idrett og fysisk aktivitet 2023 – 2026» bør vera av spesiell interesse for grupper, lag og organisasjonar som driv med, eller har interesse av, fysisk fostring på ulikt vis, slik som til dømes drettslag. Det same kan gjelde for dei som har, eller planlegg nærmiljøanlegg og leikeplassar eller dei som eig forsamlingshus.

Det er heilt avgjerande å kome med i planen om ein har tankar om større rehabiliteringsprosjekt eller nybygg der ein ser for seg å søkje om offentleg støtte, som spelemidlar i denne perioden.

Eventuell uttale til plana skal sendast på epst til post@surnadal.kommune.no eller som brev til Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal. Frist for uttale til plana er 3. november.  

«Plan for idrett og fysisk aktivitet 2023 – 2026»

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 12. oktober 2023, 09:46