Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag skal feire at fjelltursesongen no er over. Dette gjer dei med å invitere alle som har vore med på minst ein av Fjellgruppa sine turar til middag på Hammerstuene onsdag 1.november klokka 19:00.
– Vi får servert god gryterett, dessert og kaffe, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje.
– Alle som har vore med på ein eller fleire turar i sommar er velkomne, og ta gjerne med ektefelle/sambuar, legg han til.
Her blir det tid til mimring og gode tankar. Pris pr person er kroner 425,-. Eventuell drikke kjem i tillegg.
Påmelding til Anne på telefon 959 93 501, Brage 952 09 882 eller Bitten 926 11 826 innan 25. oktober.
Fjellgruppa ønsker vel møtt til «gau mimrekveld»!
Medlem i Todalen.no –