Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 2. oktober 2023

Fredag 6. oktober, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Denne gongen er du med i trekkinga av eit gåvekort på 350,- kroner, om du legg inn ei bestilling i kommentarfeltet på Lia gard si Facebookside innan onsdag 4. oktober. Vinneren blir trekt torsdag etter klokka 12:00.. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer. 

På fredag kan du få kjøpt:

– Ferske donuts med heimelaga vaniljekrem og melis- eller sjokoladeglasur. 

– Ferske skulebollar med heimelaga vaniljekrem
– Ferske sveler
– Ferske kanelsnurrar
– Ferske gulrotkaker
– Ferske grovbrød
– Nystekte havrekjeks
– Knekkebrød
– Frosne smultringar
– Frosne eplekaker (18 cm.)
– Frosne tjukklefser
– Frosne tynnlefser (potetlefser)
– Frosne konfektkaker, Sarah bernard (18 cm.)
– Frosne suksessterter (18 cm.)
 
Førehandsbestilling innan onsdag 4. oktober klokka 18:00 på telefon: 415 71 278.
 
Hos Lia gard kan du også bestille bakst til alle typer selskap. 
 
– Suksessterte opptil 28 cm.
– Pavlovabunner 26 cm. 
– Kvæfjordkake 22 cm.
 
Det er også mogleg å førehandsbestille ferske bakevarer til arbeidsplassen!
 
Adresse: Lykkjeeidet 835, 6640 Kvanne
 
 

Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 2. oktober 2023, 05:26