Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

118 dagar og 20,5 millionar etter

Elinor Bolme Tysdag 26. november 2013

118 dagar er no gått sidan raset tok med seg vegen uti stranda 31. juli. Og aller helst skulle det nok ha vore ei lita markering på det i dag, sidan alle spor etter oppryddingsarbeidet i dag vart fjerna. Betongrenoveringsmannskapet reiste i går, medan A Gjerde i dag sette opp rekkverket på nedsida av vegen. Og når folk kom inn stranda på ettermiddagen i dag var alle skilt fjerna frå området. Det betyr at trafikken no går heilt som før.

Sjefsingeniør Ivar Hol i Statens Vegvesen fortel til todalen.no no i kveld at dei er godt fornøgd med resultatet av arbeidet som vart iverksett etter hendelsen. Fanggjerdet kom opp før vinteren sette inn, og alt er no ferdigstilt, seier han. Kostnadaoverslaget vart før arbeidet tok til estimert til 15 millionar, og endte til slutt på 20,5 millionar kunne kan fortelle.

IMG_0121

A Gjerde på plass for å sette opp rekkverket i dag, og bygdafolket kan gå ein sikker vinter i møte. På denne vegstrekninga i alle fall.

 

IMG_0120Neste gong du passerer  her er vegen sikra mot sjøsida.

 

Alle foto:Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 26. november 2013, 20:33