Fredag ettermiddag var representantar frå Surnadal Senterparti på plass utafor Matkroken Todalen. På standen stillte ordførarkandidat Hugo Pedersen, leiar i Surnadal Senterparti Silje Beate Guldbransen Holten og lokal listekandidat Jon Bruset.
Dei var her først og fremst for å høre kva todalingane var opptekne av og for å svare på spørsmål om korleis Senterpartiet stiller seg i ymse spørsmål. – Hugo Pedersen kunne forresten melde at det ligg an til ny gangbru for å erstatte den gamle Øyabrua. Det var ekstremvêret «Hans» som satte fortgang på den prosessen, fortalte han. Da kom det nemleg forslag frå teknisk om å stenge brua, og da skjønte vi kor dårleg tilstanden for brua var, og foreslo å sette fart på prosessen med nybygg av gangbru.
Elles er vi sjølvsagt opptekne av å finne ei løysing for ideen om meieridrift i den gamle skulebygninga. Her er vi positive til å finne ei løysing, slik at denne prosessen kan kome vidare, men vi er opptekna av at dette må gjerast ordentleg og ryddigt, fortel Pedersen.
Silje Beate er oppteken av å få til aktivitet i grendene, og er positiv til å få gjort naudsynte reguleringar for å kome vidare i arbeidet med å utvikle bustadtomter og gjennomgangsbustade. Elles føler vi at vi har mykje ugjort etter at pandemien ødela mykje for oss – så vi håper sjølvsagt på 4 nye år for å kome i mål for å kome i mål med oppgåver som nytt helsehus og styrka eldreomsorg.
Men Pedersen er stolt av at kommunen har ein styrka økonomi, med overskot på fjorårets regnskap – overskot ser det også ut til å bli i år.
Frå programmet som Surnadal SP går til val på, har vi saksa ei lang argumentrekkje som er verdt å sjå gjennom:
Her kan du lese meir om Surnadal SP på partiets heimeside
Vi vil – sikre gode tenester og trygge lokalsamfunn, nær folk
– aktivt legge til rette for frivilligheit, idrett og kultur.
– ta miljøet på alvor med berekraftig naturforvaltning og vern av matjord.
– vere pådrivar til utvikling av miljøvennlege verksemder og levemåtar.
– prioritere beredskapstenester – politi, brann og helsetenester.
– arbeide for at elvane i kommunen vert til det beste for både fiske, jordbruk, kraftproduksjon og naturmangfald.
– sikre full barnehagedekning og rullerande barnehageopptak.
– arbeide for å hindre utanforskap i samarbeid med skule og næringsliv.
– arbeide saman med fylkeskommunen og næringsliv for å utvikle og oppretthalde aktuelle utdanningstilbod ved Surnadal Vidaregåande skule.
– utvikle og styrke tilbod innan psykisk helse og rus.
– legge til rette for tydelege rusfrie møteplassar for ungdom under 18 år.
– satse på å utvikle attraktive næringsområde, støtte opp om etablerte bedrifter og synleggjere moglegheitene for nyetablering.
– trinnvis etablering av næringstomter i Røtet.
– arbeide for full utbygging av fibernett og mobildekning.
– sikre realisering av Todalsfjordprosjektet.
– styrke vedlikehaldet av kommunale vegar og bruer.
– prioritere gang- og sykkelvegar og trygge skulevegar.
– styrke legevakttenesta gjennom f.eks. ved innføring av satellitt-teneste legevaktbil.
– ha St. Olav som akuttsjukehus.
– oppgradering av Kulturhuset som ein møteplass på tvers av generasjonar.
– sluttføre arbeidet med å få på plass snøscootertrase i kommunen.