Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Felles utdeling av valmateriell

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 12. august 2023

I år har dei politiske partia som stiller vallister til kommunevalet i Surnadal kommune, gått saman om felles distribusjon av partiprogramma og vallistene sine.

Vi har slått oss sammen for å dele ut valginformasjon og brosjyrer på en mer effektiv og miljøvennlig måte enn tidligere, fortel Silje Beate Holten, initiativtaker for fellesprosjektet til dei politiske partia.

Tidlegare år har kvart enkelt parti distribuert valmateriale og partiprogramma sine kvar for seg. 

Holten fortel at dei håper dette vil føre til meir fokus på valet og ikkje minst valdeltakinga.

I går kveld var Kjell Gunnar på runde i Todalen for å dele ut valgmateriell. Foto Privat

I går kveld delte Kjell Gunnar Polden, frå MDG ut valmateriellet i Todalen. – Om det er nokon som ikkje har fått dette i postkassen sin, så ligg det også på Matkroken Todalen, seier Polden. – Den som eventuelt ikkje har fått dette i postkassen, kan også ta kontakt med meg på telefon 481 01 807, legg han til

Publisert: 12. august 2023, 09:41