I går inviterte Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til Skjennå. Atten stavgangarar møtte opp på turen frå Åsen og oppover i retning Skjennå.
– Vegen var bratt og dagen var varm, fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa. – Vi tok matrast ved ei hytte oppe lia før vi gikk ned til Åsen, avsluttar han.
Neste torsdag går stavgangarane sin tur Kårvaten opp til Naståfossen. Meir informasjon kjem seinare.