Todalsdagen 2023 går av stabelen 1. juli, og planlegginga av årets utgåve er godt igang. I år er det 30 år sidan den første utgåva av Todalsdagen vart arrangert i 1993. I år, som alle år, blir det TodalsCup i fotball for aldersgruppa 6 – 12 år. Invitasjon er sendt ut til laga, og påmeldingsfristen er fredag 23. juni.
Det blir også i år «Ræta opp!» og «Mini Ræta», der inntekta frå startkontingenten i år går til Surnadal Røde Kors. Elles blir det open kiosk og sjølvsagt sal av grillmat.
Har du lyst til å vere med å bidra før eller under Todalsdagen? Todalen IL treng nemleg mange frivillige hender, både før og under arrangementet, for å lage eit så bra arrangement som mogleg. Dei oppfordrar difor todalingar i alle aldrarar om å bidra til årets største dugnad. Da kan du ta kontakt med Monika Klungervik og seie frå kva du ønsker å bidra med. Det er mange arbeidsoppgåver både før under og etter Todalsdagen, så her er det noko for ein kvar smak.
Om det er fotballag i aldersgruppa 6 – 12 år, som ikkje har fått invitasjon, ta kontakt med Bjørn Gunnar Ansnes.
Todalen Idrettslag ønsker ALLE velkommen til nok ein Todalsdag!