Tysdag 30. mai inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag på til Tussan. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring til Hauaskaret, der det blir parkering og start på turen.
– Starten på turen opp til Tussan er bratt, men bedre sti etter kvart, seier Kristian Ranes i Fjellgruppa. – Vel oppe er det mogleg å gå vidare på Tusse 2 og 3, men for dei fleste er det langt nok dit vi er komne, og det er fin utsikt, legg han til. Fin utsikt!
– Ta med mat, drikke, gode sko og godt humør er fast fylgje!, avsluttar Kristian.
Fjellgruppa ønsker vel møtt!