I går gjekk Stravganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur til bøkeskogen i Stangvik (Grantrøinn). Utsikta utover Stangvikfjorden med snødekte fjell som bakgrunn gjorde dagen ekstra fin for dei 18 turglade stavgangarane som var med.
Skogen, som vart planta av sokneprest Just Bing Ebbesen i tidsrommet 1884 – 91 er eit fint turmål både med og utan stavar. Meir informasjon om bøkeskogen i Stangvik
Etter turen var det kaffepause på Svissholmen..
Nesten torsdag tek stavgangarane turen til Svinvik for å gå Svinvikrunden.