Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vi er ikkje spioner!

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 28. april 2023

Dette er overskrifta i ei pressemelding vi har fått frå S-Nett. Det forsikrar, Ove Island, prosjektleiar for vedlikehald i S-Nett, nettselskapet i Svorka, og no dronepilot. Energimontørane i S-Nett skal mellom anna bruke nyinnkjøpte dronar til å føre tilsyn med straumnettet, og arbeidet tek til allereie neste veke.  

360 km med linjer skal inspiserast

Tidlegare har den årlege inspeksjonen av linjenettet blitt utført blant anna ved hjelp av innleigd helikopter. No som de har gått til innkjøp av dronar, vil disse overta jobben. Det er 360 km med linjer som skal inspiserast og en drone vil erstatte helikopteret, det ser vi på som ein stor fordel. Ikkje barre blir det tryggare, det kostar oss også mindre å stoppe for å sjå nøyare på ting. I tillegg kan vi nå undersøke nærare frå alle vinklar, også under toppen av stolpen, fortel Island, som er sikker på at dei no får avdekt fleire feil når dei først er ute på inspeksjon og vil få eit grundigare bilete av tilstanden til linjenettet.

Island framhevar også at en drone, sjølv om du kan høyre dei også, vil føre til mykje mindre støy og forureining enn eit helikopter, som vil ha positive ringverknader på miljøet og dyrelivet langs linjenettet.

Energimontørar tester drona. Foto: S-Nett

Dronar lettar arbeidet

Svorka har hatt drone sidan 2018 som har blitt brukt nå og da, men det er først nå de verkeleg ser potensialet og nytten. Det skuldas nok at teknologien har vorte både betre og rimelegare berre dei siste åra.

Ja, dette er framtida, forteller Kjetil Halle, daglig leder i S-Nett. – At vi nå tar i bruk droner er veldig ressursbesparende for vår del. Der vi tidligere måtte leie helikopter, ut med skuter eller firhjuling, og fort måtte involvere flere energimontører, kan vi nå enkelt sende opp en drone til å gjøre noe av jobben i stedet. Det krever mindre utstyr, og er både kostnadseffektivt og tidsbesparende for vår del, som igjen kan vise seg i mer stabilt strømnett og lavere nettleie for kundene, seier Halle.

Med meir ekstremvêr i framtida vil heller ikkje behovet for slike moderne løysingar bli noko mindre. Og på spørsmål om dronane kan sendes ut i all slags vêr, så er svaret; Ja, i alle fall nesten. Dronane er særs robuste og toler ein god del vêr og vind, alt etter kva for type det er sjølvsagt. Den største drona dei har toler både nedbør og vind opp mot 12 m/s.

Godkjente dronepilotar

Dronane er eit nyttig verktøy for energimontørane som alle er godkjente dronepilotar, og i dei fleste av montørbilane ligg det no ei lita drone klar til bruk. For å bli godkjent dronepilot må ein fullføre nettkurs og eksamen i regi av luftfartstilsynet i klasse A1/A3. Dei minste dronane blir først og fremst bruka til enkeltinspeksjonar og innimellom til feilsøking. Denne typen kan no brukast av alle energimontørane.

Svorka har i tillegg gått til innkjøp av ei større drone. For å kunne bruke denne krevst det litt meir kursing, og det er i dag to pilotar som har trening til å bruke denne. Det er nok denne folk vil legge merke til, da det er den som skal brukes til årlig inspeksjon av strømnettet. Denne har termisk-, wide-, zoom- og FPV-kamera, og er et godt verktøy for å avdekke de fleste feil som kan oppstå i ei strømlinje, fortel Island.

Den nye teknologien gjer det også mogleg å styre dronane utan at piloten er i nærleiken, så ikkje bli redd sjølv om du ser dronen, men ikkje piloten. Det stilles store krav til risikovurdering og sikkerheitssystem for å fly dronar. Den største drona kan heller ikkje brukast utan godkjenning frå luftfartstilsynet og her må det søkjast om bruk eitt døgn før den skal brukast. Så folk skal kunne føle seg trygge sjølv om dronar blir eit vanlegare syn framover, og skulle det bli behov for å bruke drone til arbeid rundt der du bor, vil kundar dette gjeld få SMS om dette på forehand.

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 28. april 2023, 10:45