Surnadal Blades, som har med fleire todalingar på trening og kampar, var laurdag på trening og treningskamp i ishallen Arena NordVest i Kristiansund. Frå Todalen var det Jakob, Nicole og Hallvard, Lars Ailo og Mikael som deltok denne helga. Først var det trening saman med hockeymiljøet i Kristiansund, før dagen vart avslutta med treningskamp mot IL. Braatt. I tillegg var Lisa og Natasha med på treninga og ikkje minst som ivrige supporterar under treningskampen.
Treningskampen vart ein jamn og velspelt kamp, med gode prestasjonar frå båe lag. Kampen viste at det gror godt i hockeymiljøet i Surnadal for tida.
Laurdag 21. januar var Surnadal Blades med på cup arrangert av Leik Hockey på Hølonda. Her spela dei mot ishockeylag frå Astor, Rosenborg og Leangen. Dette gav meirsmak, så det blir nok fleire cupdeltakingar framover.