Todalen Idrettslag kan melde at det er nypreparerte skiløyper både i lysløypa på Tjønnmyra og nede i bygda, inkludert i Toåa tursti. Det er også trappa trase for å gå på føtene i Toåa tursti.
Elles er det skitrase frå steinbenken, nedanfor Viastua ved Toåa, via Austigarden på Kvennset til Bekkerhagen og til starten på Toåa tursti på Bønnavollan.
Både Toåa tursti og lysløypa på Tjønnmyra er turmål i Stikk UT! Vinter, som vart lansert no i desember.
Så da er det berre å ønske alle god tur, anten ein vel ski- eller fottur!