Tysdag 27. desember (3. dag jul) klokka 19:00 inviterer Todalen.no alle til «Romjulsquiz» i Todalen ungdomshus. Quizmastrane har laga spørsmål innafor mange tema, så her er det noko for ein kvar smak. Todalen.no spanderer forskjelleg typar snacks under romjulsquizen.
Det blir også open pub med sal av øl og vin, samt sal av brus. Todalen.no spanderer pølser med brød i ein av pausane under quizen. Det er ikkje påmelding. Puben opnar klokka 19:00, medan første runde i i «Romjulsquizen» tek til klokka 20:00
Todalen.no ønsker alle velkommen på «Romjulsquiz»!