Ingebrigt Steen Jensen tilbake til Halsa i Heim kommune, måndag 9. januar 2023. Han kjem for å snakke om den nyaste bok si «Før jeg forsvinner» og det nye livet, han har fått, med diagnosen Alzheimer.
Ingebrigt gir Alzheimer og demens eit ansikt og står fram med ein befriande openheit og ufarleggjering av det å snakke om å bli ramma av denne sjukdommen. Ein sjukdom som det kan vere vanskeleg å snakke om og vanskeleg å handtere. I tillegg kan vi vente oss både humor og gode historier.
Arrangementet går av stabelen i Halsahallen på Liabøen klokka 19:00, mandag 9. januar 2023. Arrangører er Nasjonalforeningen for folkehelsen (NFF) Halsa demensforening, NFF Surnadal demensforening og helselag og Heim kommune. Det blier sett opp bussar frå Surnadal (Kulturhuset klokka 18.00) og Kyrksæterøra (klokka 17.30). Påmelding på buss frå Surnadal til Liv Botten 957 29 719, og frå Kyrksæterøra til Tove Karin H. Lervik 415 21 427 innan søndag 8. januar 2023. Ta gjerne kontakt med dei lokale laga som arrangerer for merr informasjon.
«Alzheimer/demens i nær familie, hos venner eller kollegaer kan ramme alle. Jo eldre vi blir jo større er risken for å rammes. Og heldigvis, så blir mange av oss gamle. Da er det fint å kunne være åpen og prate om denne sykdommen som skader og dreper celler i hjernene våre, sånn at vi begynner å huske dårlig eller oppføre oss rart.»
Ingebrigt signerer bøker i pausen og bøkene kan dere få kjøpt av Ark Surnadal som er på plass denne kvelden i Halsahallen.
Inngangsbillett kr 100,-. Vipps eller kontant. Det er ikkje førehandssal på billetter, men det er god plass i Halsahallen, så det blir plass til alle. Det blir også lagt til rette for best mogleg lyd med profesjonelle lydfolk.
Halsakoret har takket ja til å opne kvelden med nokre songar. Så starter foredraget, der det er lagt inn ein pause for kaffe og litt å bite i.
«Vi gleder oss til besøket av Ingebrigt Steen Jensen til Heim kommune, og arrangementet er åpent for alle, så det er bare å ta turen fra kommuner rundt oss også», seier arrangementskomiteen i ei pressemelding.
Arrangøren ønsker alle hjarteleg velkommen! Ta kontakt med Liv Botten eller Tove Karin H. Lervik for meir informasjon.
Medlem i Todalen.no –