I dag kom det ny forsyning med bøker til «minibiblioteket» i gapahuken i Båthølen. Det er Ragnhild A. Moe som har teke på seg å vere bibliotekar i «minibiblioteket». Biblioteket har vorte eit populært tilbod for mange dei som går seg tur i Toåa tursti. Det er også mogleg å låne med seg bøker heim frå «minibiblioteket».
Toåa tursti er eitt av turmåla i Trimpoeng – på tur i Todalen – Toåa tursti. Toåa tursti er eit populært turmåla, så her går ein ikkje åleine!